Britiske Ada Lovelace (1815-1852) var den første som skreiv eit dataprogram. Ho skreiv programmet i 1843 for datamaskina "Den analytiske maskina", som Charles Babbage heldt på å lage. Programmet skulle rekne ut tallrekkja Bernoulli-tala. "Den analytiske maskina" blei funnen opp og delvis bygd av Charles Bab- bage (1791-1871). Sidan ein ikkje meistra elekstrisitet enno, skulle datamas- kina bestå av mekaniske delar, som tannhjul og fjører. Dessverre var det få utanom Babbage og Lovelace som såg potensialet i å ha ei datamaskin. Derfor fekk dei aldri nok pengar til å byggje maskina ferdig. Det gjekk nesten hundre år før nokon prøvde igjen